lørdag 11. juni 2011

Me malar takbjelkar

Det går stadig framover. Fredag henta eg vindauga og maling til kjøkkenet og no er me i ferd med å gjere klart for å setje det inn.
 I tillegg har me klargjort tak og veggar for maling der me skal gjere det. Taket blir kvitt og no er første strøket på. I mellom bjelkane skal me isolere og legge panel i samme farge som bjelkane. Tre av veggane skal malast i ein lys grå, medan den siste skal vere som den er. Av dei tre andre er ein malt før, ein skal dekkast av høgskap og ein vert bak vasken der det er greit med noko lett vaskbart. Før panelet er på plass ser det ganske uferdig ut, men trur det vert bra til slutt - lyst :-)

Elles har det vore dårleg stelt med malevert. Stilasen skal snart vekk og me har ikkje fått sjansen til å gjere i nærleiken av det me hadde tenkt. Men, men, veret kan ein ikkje gjere stort med...

I dag vert det nok å jobbe vidare med vindauga, klargjere veggar for maling, samt å male strøk nr 2 i taket. Trur og eg må ta eit par prøvestrøk med gråfargen - spent!

Ha ein strålande søndag i gråveret!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar