mandag 6. juni 2011

Me støvar ned!

Lag på lag har me gravd oss ned, og no føler eg me har nådd botnen :-) Grev me meir no havnar me i potetkjellaren. Me har funnet 2 lag med tregolv for så å havne på jordgolv. Eller antakelegvis leiresand, støvar i alle fall noko innimarien! Under plater og paneltak har me funnet att takbjelkane, så der kjem til å isolere ca 5 cm og så kle att mellom bjelkane med perlestaff (noko me ser er brukt i stova).
 Leiregolv støvar noko heilt forferdeleg. Me har eit tynt lag støv i heile huset, og det nyttar ikkje kor mykje eg kostar, det kjem stadig nytt.

Ein lite kjekk periode av prosessen står forann oss... (Eg skriv no frå framtida sidan eg som vanleg heng litt etter. Det kjem difor no til å komme nokre innlegg på rappen for å få kronologien i det :-)

To be continued...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar