fredag 24. juni 2011

Status ved utreise

Då var tida kommet for min kjære sambuar å fare til sjøs att og me må vente i fire veker før me får sjå han att. Denne heimeturen var forbi litt ekstra fort tykkjer eg. Det kjem kanskje av alt som skjedde i dei fire vekene. Før han for fekk me på plass nytt vindauga (det til høgre er ikkje delt meir enn dei andre, det er ei utvendig lekte som vart så lageleg plassert :-)
Taket er og på plass, - listene som eg skal male først. Eg har og prøvemalt ein vegg (lengst til høgre) og funnet ut at eg må ha ein varmare gråfarge enn den eg først valgte. Så no er det hovudsakleg maling som står for tur og som må vere på plass før dei fire utevekene er omme. Golvet må på plass i kjøkkenet så fort som mogeleg for at det skal venne seg til sin nye heim og forhåpentlegvis ikkje sprekke så mykje opp.

Kjøkkenet er alt på plass. Eller det er kanskje å ta litt hardt i, det står på pallar så ein del skrujobb må nok til før ein kan kalle det eit kjøkken.

Ein kan fantasere om så mangt og eg har ikkje tenkt å gå så mykje inn på det her. Ikkje ut over at min største fantasi for tida er å setje kjøkkentinga, som i nærmare eit år har vore pakka vekk i kassar og stått stabla på merkelege plassar, på plass i nytt og ferdig kjøkken. Og at stova skal verte kun ei stove att. Det er dei små tinga :-)

Husmalinga går framover -ikkje takka vere meg - og det ser flott ut! Vert godt å gå vinteren i møte med tett tak og nymala hus. Det vil seie det skal verte godt etter at me har hatt ein skappeleg sommar...any day now!

Ha ei fin helg!

1 kommentar:

  1. oi oi oi, de er så flinke!!!! Rett og slett! Me tek ein Ornesferie i midten av juli, og da vil eg veldig gjerne sjå det live:) Er veldig morro å følge med på utviklingen! Ha ei god helg! klem BK

    SvarSlett