søndag 17. juli 2011

Dørmaling og sommarfuglar

Det går mykje i maling for tida. No er begge husa skrapt, vaska, soppbehandla, grunna og malt med to strøk - utruleg deileg å tenkje på! Til og med dørene er malt etter litt prøving og feiling med fargeval. Hoveddørene på dei to husa er malt i same blå-grå-grøne farge og "bidørene" vert kvite som resten av huset. Me kjem til å byte ytterdør når me kjem til gangen, men enn så lenge får denne duge (malinga held ho nokon lunde på plass :-)
No er forresten min betre (og hendige) halvdel heimattkomen frå det store blå, og er allereie i full sving med kjøkkenarbeid. Han tørr nok ikkje anna, eg står omtrent og hoppar så spent og klar er eg for å setje i gang - endeleg! I nesten to månadar har me hatt kjøkken i stova. Det vil seie eit kjøleskap i ei krå og spisebordet fullt av ymse kjøkkengreier. Ikkje å anbefale i lengden... Men, desto kjekkare skal det verte å få det på plass no. Litt av sommarfuglane i magen kjem nok og av at eg er veldig spent på korleis det vert, om det lev opp til forventningane :-) I dag har han lista mellom bjelkane og i morgon skal me til med golvet om alt går etter planen. Spanande tider folkens! Ha ei fin veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar