mandag 18. juli 2011

Golv!!

Så langt går alt etter skjema. Me er komne til tirsdag morgon; taket er lista og golvet er lagt. Spesielt golvet er veldig kjekt å få på plass :-) Dagen i dag og morgondagen vert hektiske i kafeén, så då vert det ikkje så effektivt på kjøkkenfronten. Har tenkt å få på kvistlakk og grunning på desse dagane, og så gjenstår 2 strøk med golvmaling før det er tid for kjøkkenmontering...
Golvet skal malast i ei mørkare gråfarge og eg er kjempespent på å sjå resultatet. Er og veldig spent på kjøkkenet, om det vert slik me har tenkt oss. Det er så mykje spennande på gang framover no at eg veit ikkje kor eg skal gjere av meg :-)

Det vert veldig små steg de får vist her, men det er litt for min eigen del for å holde styr på ting. Skal heller ta eit før og etterbilde i same innlegg når me er ferdige - tenk at det nærmar seg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar