tirsdag 5. juli 2011

Litt her og litt der

Det skjer ting litt her og der, mest ute for tida, og mindre inne. Uansett er det kjekt å sjå at ting skjer. Det vert ein real make over her no med nytt tak, ny maling og kvite stakittgjerder både her og der.
 Inne er det maling det går i. Veggane på kjøkkenet vert lysare, men elles ikkje så mykje. Men fint vert det!
Hagen vert nedprioritert i sommar, men Lavendelproduksjonen er i gang. Har tenkt å ha lavendelhekkar i rosebeddet og då treng eg ein del så no gror dei både her og der :-)

I kveld er vetla med besteforeldra til vårstølen på ovarnatting, og minsten var i seng inna 8. Ein lang, deileg kveld med aleinetid! Elles har det gått i bading her desse to dagane. Når ein veit at fineveret er raskt forbigåande må ein hive seg rundt. No er eg så trøtt at eg ikkje heilt veit kva eg skriv, på tide å gi seg med andre ord - ha ein fin kveld!

1 kommentar:

  1. skal sei, det var ein ordentlig ansiktsløftning! har igrunn aldri lagt merke til korleis taket såg ut, men ser at det har skjedd ein stor forandring, kjempefint vart det!!! klem

    SvarSlett