mandag 11. juli 2011

Papirkjøkken

Eller kjøkken på papiret. Sånn omtrent skal det bli. Tenkte eg skulle ta eit litt annarledes før-etter-bilete, meir eit teori-praksis-bilde :-) Kvitevarene vil avvike og kjøkkenbordet, og så skal trancherbordet erstattast med ein vedovn med tid og stunder. Vert spanande å sjå korleis det vert når ein set i gang... Vil anta at tilpasningar kan bli ein utfordring sidan det neppe er så mange rette vinklar og jamne flater på kjøkkenet.
I dag har eg bestilt meg nokre malingprøvar til golvet og me høyrer rykter om at golvet er i produksjon as we speak :-) Håpar å få det på plass i kjøkkenet i kveld eller i morgon så det får akklimatisert seg før me skal legge det på. Elles er eg omtrent ferdig med listemaling, det vil seie dei små listene som skal vere mellom bjelkane i taket. Dei store har me ikkje enda, dei vil bli prikken over i'en for å seie det slik.
To do (det mest naudsynte for å få til eit fungerande kjøkken):
Liste mellom bjelkar
Legge golv
Male golvet x antall strøk
Foringar i vindauga
Rørleggar og elektrikararbeid
Montere kjøkken og kvitevarer

Dette bør vel gå greit? På to veker? Bør, og må, kunne gå sidan me då tar turen til besteforeldre og vidare til Hunderfossen før skular og barnehage tar til att. Du verden så fort denne sommaren går! I alle fall gler me oss veeeldig til dei neste 5 dagane er gått og vår kjære sambuar/pappa kjem att :-)

Ha ein fortsatt fin sommar!

3 kommentarer:

  1. Så spennende prosjekt! Det er litt av en jobb du holder på med...men kjøkkenet er husets hjerte og du får sikkert glede av arbeidet du legger ned i det nå mange år framover.

    SvarSlett
  2. Det er planen, kjenner det på meg at det vert eit kjekt rom :-)

    SvarSlett
  3. Det blir SÅ fint! Lykke til med neste 14 dagars to do-liste, den såg heftig ut!! Ingrid og eg reiser til Ornes på laurdag og blir til uti veka, håpar me treffest! klem

    SvarSlett