onsdag 24. august 2011

Ein ny haust

Denne hausten er litt ekstra spanande for oss sidan me har ei fersk skulejente og ei ditto barnehagejente i år. I veka som gjekk var det første skuledag og første barnehagedag same dagen. Sidan eg ikkje er splitta korkje i personlegdom (?)eller kropp var det godt å ha ei mormor som kunne være stand-in. Praktisk var det og at skule og barnehage ligg i same bygget og har same uteplassen. Dagen gjekk kjempefint og begge to var strålande fornøygde med den nye kvardagen.  
No, ei veke seinare, er dei framleis happy. Minsten hadde sin første dag aleine og det har gått bra. Så får me berre tru det varer :-) Eg må innrømme eg ser fram til å få nokre timar for meg sjølv på dagtid til å få gjort unna ting før eg er klar til å flate ut på sofaen om kvelden etter legging og rydding..   
Av og til er det opplett lenge nok til at ein kan ta ein liten tur i skog og mark, og om ikkje anna har sommaren vore god for desse godsakene - desse vart til deileg pai handmade by M!
Og små plommeknurtar vart til deilege plommemuffins. Er blitt glad i kjøkkenet mitt allereie :-)

Men no - på tide å flate ut på sofaen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar