fredag 5. august 2011

Husmorferie!

Eg har no hatt husmorferie i ordets rette, eller kanskje heller bokstavelege, forstand. Medan far og barn tidleg i veka reiste til besteforeldra, har eg vore att her for å få skikk på eit hus i unntakstilstand. Eg har nokre bilete som kan skremme vetet av den tøffaste rotekopp, men eg tørr ikkje vise dei før eg og kan syne etterbileta (som eg ikkje har tatt enda) :-) I fire dagar (og delar av nettene) har eg rydda og sortert, vaska og støvsugd. Og det kjennest godt! Ting finn sine rette plassar og byggestøvet forsvinn litt etter litt. Litt ommøblering har det vorte og, så plutseleg virkar stova dobbelt så stor som før. No er det stort sett berre kontoret som står att, og det kjem nok på plass litt etterkvart.

Det kan høyrast litt merkeleg ut, men etter å ha budd midt i oppussing i eit år no så var denne ryddetida for meg sjølv den beste ferien eg kunne få. Det vart meir og meir viktig for meg å få ting på stell så me kan gå hausten i møte med overskot (og oversikt). Er jo litt ekstra viktig akkurat denne hausten då vetla skal til i skulen og minsten skal byrje i barnehagen! Med alt det nye det fører meg seg er det godt at det endeleg roar seg på heimebane :-)

No er det imidlertid klart for ein felles ferie før skulestart, så snart reiser me alle saman til Hundersfossen. Både store og små gler seg. Kan huske ein del frå eg var det som lita, og det var stas! Deretter er det på tide for sambu å reise til sjøs att - tida flyr... Kanskje får me meir tid til å legge merke til tida som går neste gang han kjem heim og det ikkje er fullt så mykje som skal skje ;-)

2 kommentarer:

  1. For et hus! Jeg er så heldig at jeg har sett dette kjøkkenet. Bonytt eller Lev landlig neste! Randi vi er så imponert over hvor flink du er til å ordne disse gamle husene. Hele gården blir som ny!

    SvarSlett
  2. For ein hyggeleg kommentar :-) Takk for det!

    SvarSlett