onsdag 28. september 2011

Kjøkkenglimt

Sjølv om kjøkkenet no fungerar veldig greit, er det eit par ting som gjenstår. Det kjem på plass litt etterkvart, og eg kosar meg med kvar bit i puslespelet som fell på plass. Sidan sist har det kommet soklar på plass. Desse skal etterkvart listast med nokre fantastiske lister som vår hendige nabo har laga (etter mal frå ei gamal list me fant). Det same skal vindauga og dører. Vindauga har imidlertid fått foringar på plass - stor forandring frå byggeskum, isolasjon og fresande røyskattar...
Minsten poserer som den vetle linselusa ho er ved øya der kjøleskuffene manglar frontar. Men det kjem :-) Den trufaste IKEA-krakken har blitt grønn for anledningen, og gjer det lettare for vetla og minsten å få oversikt over kva som skjer på kjøkkenet.
 Åpninga mellom stove og kjøkken er gjenstand for litt grubling, men planen er å fjerna søyla heilt, noko som vil gje mykje betre plass rundt spisebordet. Den malte kortveggen er via til små og store kunstverk og fotografi av søte små.
 Flisene som skal vere bak platetopp er komne i hus, om ikkje på veggen. Dei er kvite med fasettkantar, enkelt og greit.
 Til slutt frå kjøkkenet vårt her på Askhaug er den nymåla lampen vår, opprinneleg ein lampe frå IKEA i børsta stål kalla FOTO (til 150 kr :-). Den er malt med same grønfargen som krakken (bildet lyg), som igjen er henta frå den gamle døra mellom kjøkken og gang - som og skal bli grønn att.
Sånn går no dag'an. Me stullar og steller, ryddar og ordnar. Ute regnar det med jamne mellomrom for å sikre att det ikkje tørkar opp rundt om kring  - Gud forby! Jentene trivs i henhaldsvis skule og barnehage, berre velstand med andre ord. I dag kjem det besteforeldrebesøk, til helga kanskje nokre søskenbarn, og om eit par veker - kven veit? Livet er godt!

Ha ein strålande dag!

1 kommentar:

  1. Nydelig kjøkken, linselus og grønfarge!!! :) Og den hendige naboen syns oppdraget var litt morro, trur eg! :)
    Kos dikka med besøk! klem

    SvarSlett