torsdag 27. oktober 2011

Kodak Moment

Må berre forevige dette augenblikket - ei ryddig stove! Og minsten søv så ho har ikkje rukket å rote ting utatt etter meg :-) Sjeldan situasjon- 

  Slik såg det imidlertid ut i kort/lang tid etter me hadde flytta inn... Trivs betre no, ja :-)


Eg er rimeleg trygg på at vetla og minsten ikkje les bloggen min, så eg vågar meg på å legge ut bilete av julegåvene deira. Ei vetladukke og ei minstendukke (som enn så lenge manglar hår og gensar). Veldig kjekke, og enkle, å strikke - design Arne & Carlos (who else?)

I dag ventar eg storfint besøk frå Bergen. Tre supersnasne damer frå min gamle jobb kjem for helga, og det skal bli utruleg kjekt! Ost og vin er innkjøpt, så alt skulle ligge til rette for ei super helg. Ei har med seg vetla si, så vetla mi gler seg og stort :-) 

God helg!

1 kommentar:

  1. Du og du, no byrjar ting å vera på stell oppi garden, ja. Trur ratt eg må ta meg ein tur og sjå ved sjølvsyn :-) Og så flott skåp,då!
    Venninnehelg høyres heilt rett ut. God helg! :-)

    SvarSlett