lørdag 26. november 2011

Me ventar!!

Lenge sidan det har kommet noko innlegg frå denne kanten no. Det er så mykje å ta seg til for tida, og då vert blogging nedprioritert - som seg hør og bør :-) Ein av syslene er å male lister - å male og male og male.... Men det vert no fint! No er det golvlistene som har gått under kosten, og ligg klare til montering. Nokre er alt komne opp som de ser under.
Elles er det stor glede i heimen når ein kan ta til med julepyntinga. På laurdag var det fram med alle julekassane (note to self: organiser betre når du pakkar det ned over nyttår!)
Julelysa var kjærkomne ettersom me manglar anna lys over vasken, og du skal berre sjå dei vert hengande til neste jul..;-)
På forrige Sogndalstur fann eg denne. Eg har leita litt halvhjerta etter ei klokke til kjøkkenet, men i det eg såg den på veggen i butikken visste eg at leitinga var over! Bak er brødboksen så du får ein ide om størrelsen. Har enda ikkje heilt bestemt kor den skal henge, hmm.
Første søndag i advent! Då er det ikkje lenge til jul - jippi! Er fantastisk glad i jula, men det har de kanskje skjønt?
 Jul i glaset. Då er det berre å setje seg ned med gløggen og vente på jul. Eller gløymer eg noko no??
Me har fått dør nr to i kjøkkenet, så no er begge gangane avskorne med det kalde gufset som kom derifrå. Den knirkar foreløpig som eit udyr, men det skal jo vere litt lyd i eit godt hus, eller?
Eg vil ynskja alle ei fin adventstid - den som ventar på noko godt....

4 kommentarer:

  1. Flotte bilder, dokke har fått det koseleg!

    SvarSlett
  2. Så triveleg! Ingen ting slår tømmerveggar. Fattar ikkje kvifor dei bruka øks og spett for å få platene i vater utanpå her i huset. For eg ville ha tømmerveggar eg òg, men måtte gi meg då eg såg korleis det såg ut.
    Advent er ei flott tid, kos deg i "nyhuset".

    SvarSlett
  3. Håvard: Så kjekt at du kikkar innom! Leeenge sidan no, håpar alt er vel med deg :-)
    HildeL: Dei har vore rimeleg brutale her og til tider. Dei veggane som ikkje er malte er stort sett oppbygde no under oppussinga, resten måtte malast. Men koseleg er det, ja! Men; etter kva eg har sett utfrå bileta dine så har de no fått det bra triveleg utan tømmerveggar og :-)

    SvarSlett
  4. ååå ordentlig julestemnng-kjøkken!! og klokka var perfekt! ha ei fin adventstid! klem

    SvarSlett