søndag 6. november 2011

Vakre Luster

Litt som tatt ut av eit maleri...bortsett frå autovernet kanskje. De får unnskulde, kunne ikkje gå ut av vegen sidan eg hadde stoppa der eg ikkje burde stoppe. Av og til berre må ein forevige - eit augneblikk utan skodde, utan regn - visste ikkje at dette fantest lenger? Men så stemmer det altså framleis, at over skyene er himlen alltid blå (greit å få det bekrefta av og til).

Vert ikkje så mykje interiør her for tida sidan me er tildels metta etter eit drøyt år. Vil tru det tek seg opp att når det nærmar seg desember (om ikkje før :-))

I dag er det feiring av 1-årsdag! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar