torsdag 8. desember 2011

Adventskos

Adventstida er fantastisk koseleg til tross og på grunn av alt som skal skje i løpet av desse vekene før jul. Kvart år har me ein plan om å vere ute i god tid med julegåver, og i år har me (for det meste) klart det. Då kan me bruke tida til andre koselegare sysler...
Eg og Ylva har laga kransar til dørene. Enkelt og greit, ein stor og ein liten (sidan alt skal vere mor og barn i leiken for tida måtte det verte slik)
Fuglane er og fornøygde. Biletet vart ikke så bra, tatt inne i motlys som det er. Får nok sjansen til betre bilete etterkvart tenkjer eg for pågangen er enorm. Veldig mykje Grønnfink i år. Har enda berre sett ein Dompapp.
Tvilar litt på om eg kjem i hamn med julevasken i år, men alt er betre enn ingenting (og allereie meir enn i fjor :-)) Eg er vanlegvis ikkje så veldig nøye på om tak og veggar er vaska akkurat til jul, men år virka det som ei like god tid som nokon til å få siste (?) restane etter jordgolvet me grov fram i sommar...
Ute har det kommet bra med snø, og det er ingenting å seie på julestemninga! Vetla er svært ivrig på ski og er ute og øver seg tidt og ofte. Kven veit - kanskje ho klarer å dra med seg meg på mine "nesten-jomfru-ski" ut på tur?

1 kommentar:

  1. Nice! Så trivelig med førjulstid utan stress med julegåvemas. På gamlejobben er vi no i gang med julefrukosten, og ellers snart klar til den store julehelga. Klem!

    SvarSlett