torsdag 22. desember 2011

Kvardagsluksus

Ja - eg er fullstendig klar over at eg er heldig stilt no i denne "julestria". Eg har nok eigentleg ikkje lov til å snakke om noko stri i det heile tatt med tanke på at eg ikkje jobbar for tida. Likevel så er det til tider meir slitsomt å vere heimeverande enn å jobbe fullt. Eg føler eg har lov til å seie det sidan eg har prøvd det og :-)
 Men for det meste er det stas. Når ungane er vener og kaffien er klar då er det ganske så fint eigentleg! Og så har me sett i snøen - seinast i dag tidleg når me vakna. Så no ventar me berre på at det skal verte litt meir dagslys, og at eg skal bli ferdig med den nemnde kaffien :-) Sit og funderer litt på om eit forskot på julegåvene kunne vere på sin plass sidan dei får snørelaterte julegåver og snøen antakelegvis er forbigåande... På den andre sida er den kanskje så forbigåande at den er vekk før dei rekk å få papiret av, så det er nok like greit å vente.
 Om me ikkje akkurat har dei 7 sortane på plass, så har det vore litt aktivitet på kjøkkenet i advent. Pepperkaker, Lussekattar og kakemenn er bakt, og delvis fortært, og i tillegg hadde eg og min betre halvdel ein konfektdag med diverse meir eller mindre eksperimentelle forsøk. Resultatet vart til tider svært bra :-)
 No trur eg ikkje det vert så særleg mykje meir baking før jul anna enn ein ladning til med knekkebrød. I løpet av jula vert det nok litt bakelering tenkjer eg, kanskje noko frå Hummingbird bakery-kakeboka eg har kjøpt meg... nammmm!
 I år har me bestemt oss for å finne ut kvifor einebærbusker er ute av varmen til tross for at dei er det einaste rette juletreet  (hallo - sangen: Så går vi rundt om en enebærbusk..). Eg mistenker to grunnar; antakelegvis røn det som eit udyr, og så er det jo relativt slim då, noko for den trangbudde kanskje? Men alt må prøvast! Det er vel dette mottoet som gjer at eg no når alle andre prøver å ordne til jul har ommøblert to gonger. 

 Eg trur kanskje eg bør fjerne Interiørblogg-merket frå denne bloggen snart, er meir ein alt-og-ingenting-blogg blitt eigentleg. Merkar at skrivelysta er mykje mindre sidan eg flytta tilbake, eller kanskje er snarare lysta til å gjere andre ting blitt sterkare :-) No vert det nok meir "se kva som skjer" for ein "ute"-seglande sambuar og far så han halde seg oppdatert (utover dei daglege telefonsamtalane..).
Til slutt, med ei iskald lysekrone som illustrasjon, er det berre å ynskje alle ei god jul! Det nærmar seg styggare enn nokon sinne i år...

1 kommentar:

  1. så koselige bilder! me vurderte å ommøblere stova 22.des, men så kom me på at akkurat det prøve me for to år sidan, og da pakka me inn julegavene og pynta juletreet kl 15 på julafta... håpar de har hatt ei fin jul, tross Dagmar:) tusen takk for kjempefint julekort! Ha ein fine dag! klem

    SvarSlett