lørdag 7. januar 2012

Når enden er god...

Avslutninga på 2011 vart i beste fall innhaldsrik, og i verste fall dramatisk og tragisk -for nokon. Sidan eg ikkje er så veldig flink til å oppdatere bloggen jamnt og trutt vert det nokre skippartaksinnlegg no og då. Her er vår avslutning på det Herrens år 2011.

Det er vetle julafta og alt (!) er under kontroll så langt. Me pyntar store og små juletrær - furu og eine for anledningen :-) Einebærbuska fins berre på mobiltelefon og eg gidd ikkje finne kabelen nett no, men stol på meg - den såg flott ut! Biletet lyg kanskje litt sidan det ser forhaldsvis roleg og gemytteleg ut... Det kan nok ha vore nokre kuler som fekk seg ein flygetur, og banda var i litt fleire delar når det heile var overstått enn kva dei opprinneleg var. Men alt i alt - resultatet vart to flott juletrær og jula kan berre komme.
 På julafta byrja "dramatikken". Det gjekk ras ikkje så langt frå Ornes, og folk på begge sider av det fekk utfordringar med å komme seg på rett plass til julekvelden. For nokre måtte planar dermed gjerast om, men ingen kom til skade. 
Julekvelden har eg ikkje tenkt å rapportere frå anna enn å seie at det var ein koseleg kveld med god mat og godt selskap, men må berre ta med vetla og minsten i form av Arne&Carlos-strikkedokker. Eg har vist vetla fram før, litt halvferdig, men i god tid før jul var begge klar med gensar, bukse, kjole og sko. Spesielt hjå vetla var "Mini-me" ein stor hit. Ho fekk presentert boka med oppskrifter så ho kunne ynskje seg meir klede til dokka, men ho ynskjer seg istadenfor/i tillegg ei venninne til dokka! Ein gir dei vetlefingeren...;-)
 1. juledag bles det godt kan ein vel seie utan å ta i for mykje. Det vart målt snitt på over 30m/sek og 46m/sek i kasta på det verste. Me hadde lommelyktene klare då lyset gjekk i 8-tida om kvelden og fekk tent alle stearinlysa, så det hadde vore ganske så koseleg om ikkje huset hadde knaka så veldig :-) Vinden tar godt der huset vårt ligg, så eg måtte berolige eldstemann då dei prøvde å få sove (på kvar sin sofa i stova :-) "Er du heilt, heilt, heilt sikker på at det går bra mamma?" "Ja, dette huset har stått her i over 200 år, så det har nok vore borti verre vér enn dette" "Å, heilt sidan du var fødd altså?" Hmmm, eg satsar på at tidsperspektiv ikkje er heilt på plass enda, og at eg difor ikkje ser 200 år gamal ut :-/

Ungane hadde vel sovna og eg var på veg då eg snakka med min betre halvdel for siste gang på ei stund. Han låg og dreiv rundt på fjorden etter at eit forsøk på å ligge ved kai ikkje hadde vore særleg vellukka. Og så forsvant telefonforbindelsen.

Dagen etterpå var me ute for å sjå på skadane og gjere klart for neste runde med vind som skulle komme til kvelden. Det var slett ikkje så ille med tanke på korleis det har gått andre stader i landet, og fylket. På biletet under er det dekket på ei kai som har hamna oppe ved nausta så berre stolpane står att. Etter lause og potensielt farlege ting var sikre og vedlageret fylt opp att til kvelden var det berre å skalke lukene og vente på neste runde :-) For ordens skuld, å skalke lukene vil vel eigentleg berre innebere å  late att dørene sidan det er dårleg stelt med andre luker å skalke..
 På plassen der eg bur er dei fleste (alle?) sjølvforsynte med vatn. Det vil og seie at ein er avhengig av ei straumdriven pumpe for å få tak i dette vatnet. Eit par runder med flushing av toalettet så er trykket oppbrukt og vatnet vekke. Me bur på ein tidlegare mjølkegard og har heldigvis aggregat. Dette sto på no og då for å halde frysarane kalde og få vatn til diverse naudsynte ærend og andre vatnkrevande goder - som kaffi! Kaffi vart godt som gull i dei to dagane det sto på. Under er kaffistasjonen. Når aggregatet sto på kokte me opp kaffi på alt som var av termosar og kaffikanner, og når ein vart lens så...
 ...vart dette løysinga. Funka og fint til ostesmørbrød og ristabrød forresten :-) Det var eigentleg nokre koselege dagar, men etterkvart byrja me lengta litt etter ein dusj og alle dei koselege romjulsprogramma (me hadde gått til anskaffelse av CanalDig.ab etter tre år utan i anledning jula).
 På tirsdag hadde ferja vanleg rute igjen og me tok oss ein tur ut i den store vide verda etter vår 2 dagar lange (?) isolasjon. Det er merkeleg så avsondra ein føler seg når tv, tlf og Internett forsvinn. Lenge tenkte eg heller ikkje over at det gjekk an å setje batteri i radioen... I alle fall, på veg opp i Solvorn såg det ut som på biletet under, og det vart ikkje betre frå Hafslo til Sogndal. Eg har aldri sett slike øydeleggingar her i området før! No vart det ganske tydeleg kvifor dei bala litt med å få strumen på plass att. Me besøkte pappa vetla-og-minsten og fekk sjå med eigne auge både at han hadde overlevd stormen (!), og den nye arbeidsplassen.
Då me kom heimatt den tirsdagen byrja rykta og gå om at dei hadde håp om å få straum på plass hjå oss den kvelden, og for å gjere ein allereie for lang historie litt kortare - det klarte dei! Såg i ettertid at ca 30 stk framleis var straumlause etter ei veke - så det kunne på veldig mange måtar ha gått mykje, MYKJE verre. Og når sant skal seiast så var det ikkje berre dumt å verte hensatt til ei litt enklare tid der fokus var på dei meir grunnleggjande tinga i livet - som lys, varme, kaffi og ikkje minst med mykje tid til kvarandre - så lenge det ikkje varer så alt for lenge ;-)
Då var eg komen til nyttårsafta i denne vetle/lange oppsummeringa og har tenkt å avslutte med bordet dekka og klart til innrykk.

Håpar 2012 vert fullt av det DU vil det skal vere fullt av - og at det LANGT overgår 2011 i antal soldagar! GODT NYTT ÅR!

7 kommentarer:

  1. Godt nyttår til dere, og takk til deg Randi for den flotte reportasjen om jula. Du har tatt så fine bilder og fortalt om hvordan det gikk for seg, jeg vil "låne" innlegget ditt så familien i byen kan få et lite inntrykk av hvordan vi hadde det.
    De to dokkene har blitt så fine,og det er ikke rart at minsta di vil ha en venn til dem. kanskje hun av og til kunne ønske seg noen flere venner på Ornes.

    SvarSlett
  2. Takk for det, og du må gjerne låne. Me ynskjer oss alle fleire venner på Ornes ;-) Når det er sagt er ho og vetlesystera veldig flinke til å sysselsetje seg sjølv, noko me fekk bekrefta nok ein gang då straumen var vekke - og det kan jo komme godt med på ein sådann plass!

    SvarSlett
  3. Vi har gjort oss så avhengige av kraft. Det er nesten ingen ting en kan gjøre uten strøm! Vi var uten strøm under et døgn, så vi var ikke så hardt rammet!

    SvarSlett
  4. Kanskje ein skulle lagt inn litt strømbrot no og då så folk kunne lære seg at det går an å redusere litt på forbruket :-)

    SvarSlett
  5. Eg trøblar slik med å få leggja inn kommentarar hjå deg! Men, om denne går gjennom...., vil eg berre seia at det er ein flott blogg du har! Kjekt å lesa og flotte bilete! (Sjølv om eg er nabo, og føl med utanom nettet òg ;-)

    SvarSlett
  6. Og den gikk gjennom!! Yippi! Kanskje eg har funne ut "trikset"?!

    SvarSlett
  7. Takk for det :-) For min del var trikset å ta vekk haka for å forbli logga på.

    SvarSlett