søndag 29. januar 2012

Whazzup?

Det har skjedd mykje i årets første månad, gode ting! For det første har me tatt tak i eit prosjekt me har tenkt på ei stund - eit felles kontor utanfor "privathusa". Med alt som føregår på garden fylgjer mykje papir, og det skal verte utruleg godt å få samle alt og sleppe å ha jobben heime - og så er det ikkje noko morgonrush for å komme seg dit :-) Rommet var eit lagerrom/roterom og på biletet under har det allereie skjedd MYKJE - tru du meg! Det gløymde eg dessverre å ta bilete av..Men her er det altså pre-paint:
..og slik vart det sjåande ut når det er nesten ferdig (manglar litt lister langs golvet). Tak og veggar er malt, på golvet la me sponplater som me malte med golvmaling. Enkelt og greit! Litt av poenget var at me skulle gjere dette enkelt og billig, og malingen er restemaling etter alt me har gjort i husa. Rommet er ca 20 m2, så det er eit romsleg kontor (sjølv om me heilt sikkert finn noko å fylle det med..) Kontoret skal innredast med diverse me har ståande på garden. Arbeidsbord, hyller mv. No har me flytta bort mesteparten av det som skal bort, hyller er stort sett på plass, men det gjenstår å få alt på plass. Når det er gjort skal de få sjå mesterverket.
Prosjekt nr. 2 var meir spontant. Det kom av at me i forbindelse med kontorflytting måtte gjere nokre grep på innomhus-kontoret, og dermed ville me flytte ei hylle til "grovgangen" vår, den mest brukte. Me har ikkje tenkt å fikse den heilt med det første, men fargen er ikkje heilt som eg vil ha den... Dermed vart det litt for fristande når alt var rydda vekk til hylla å male litt her og. Også her er det brukt ein rest, men frå det forrige huset me malte i - er så kjekt å få vekk litt slantar! Gløymde nesten før bilete her og, men fikk ein flik der de ser golvet og veggane før:

Og fargen etterpå. Heller ikkje her er det lagt noko særleg arbeid ned i det sidan det skal være midlertidig, men det vart likevel ei stor endring.
Siste prosjekt, som heng mykje saman med nr.1, er altså kontoret. Slo oss laus i Expeditavdelinga (sal på IKEA!) og fekk innreda kontoret att etter at alle hyllene forsvann. Ei side for kontorting..
..og ei side for hobby - teikning og maling med plass til to små jenter :-)
Når dette var gjort fekk me flytta inn dei siste 12 (!) kassane med kontor- og hobbygreier etter flyttinga, sortert og plassert innhaldet. I tillegg har me gått igjennom ting og tang i eit stort reiskapshus, sortert og kasta. 

Så, det har vore to innhaldsrike veker. Likar meg godt når det skjer mykje! No må eg imidlertid setje meg ned med litt papirarbeid framover. Kanskje ikkje like artig mens det står på, men like kjekt når det er gjort.

I dag har vore ein fantastisk flott dag med sol frå skyfri himmel.
Jentene valgte vekk tur i trekket til fordel for ein tur oppover i terrenget til den "hemmelege" turplassen vår :-) Der vart det grilling av pølser og pinnebrød, kakao og leik i snøen - ein fiiin dag! Og kanin var med.
Ynskjer alle ei fin ny veke!

3 kommentarer:

  1. å, så deiligt når slike prosjekt er gjort, godt å få orden i slike ting! Skal sei de har vore effektive! fine fargar i gangen! og nydelige utebilder! lurer på kor den hemmelige tur-plassen er:)
    ha ei fine veke! klem

    SvarSlett
  2. Hehe, er nok ikkje så veldig hemmeleg :-) Du får bli med ein gang de er her! Ei fin veke til dikka og - klem

    SvarSlett
  3. Ønsker deg en herlig uke ♥
    Vil du vinne 4 nummer av BoligDrøm kan du prøve lykken inne hos meg nå :)
    Klem Anette

    SvarSlett