søndag 18. mars 2012

ut av dvalen

Då var våren her og me kryp ut av hola våre og ut i - KJØKKENHAGEN!
Me  har litt og ta tak i i år, eg har store planar om å gjere kjøkkenhagen langt meir lettstelt og innhaldsrik enn i fjor (noko som ikkje skal så mykje til..) Og me er godt i gang! 
Eg fekk forresten kompostkvern til bursdagen min i år. Kanskje ikkje ei tradisjonell gåve å få få kjærasten sin, men den var akkurat det eg ønska meg :-) Kvernar som berre det, så eg har gått til innkjøp av kaldkompostbinge nr.2. Så då er jordforbetringa sikra eit par år fram i tid!
For å gjere hagen meir lettstelt legg me duk på det området som skal ha plantekassar, samt gangstiar rundt omkring. Seks plantekassar er klare for å setjast ut, 120x120, og frø og løkknollar er klare for jorda.
Nokre frø er allereie i jorda. 5 ulike sortar med Pelargonia, agurk, purre, sellerirot og cherrytomat. I mangel av drivhus (som står på to-do-lista i vår) veks det no i glaskarmen i stova i stadenfor.
Det manglar heller ikkje på planar. Har laga meg ei hagedagbok og ein plan over kjøkkenhagen og alt som skal vere der for å kunne lære litt av erfaringar eg gjer meg. Har alltid likt å ha ei papirutgåve :-)
Våren er den beste tida, så mykje kjekt som skal skje framover! Me er snart ferdige med å beskjære frukttrærne og så vert fokuset på hagen, som i fjor vart så godt som oversett på grunn av arbeid med husa - GLER MEG!! Akkurat no bles det og vinden uler utanfor, men til veka er me lova strålande og varmt ver, noko eg vel å tru på til det motsatte er bevist.
Så, håpar alle får ei flott veke i nydeleg vårver!

3 kommentarer:

  1. Våren er en hærlig tid, uannsett vær, vi har ennu ikke hatt det fine varme vårværet, men mye nedbør, så kanskje vi kan få et fint påskevær tru ?

    Fine bilder , ha en fin vårånna i hagen , hilsen Lisbeth :)

    SvarSlett
  2. Takk for det! Hadde eit lite tilbakeslag (som det ofte er i mars) med snø, men denne er vekke att no :-) No ventar me på sol og varme! Ein fin vår til deg og!

    SvarSlett
  3. Hei !
    For ein fantastisk vakker utsikt dåken har :)
    Kjekt å finna ein til landlig blogg - legg meg til som følgar.

    Ha ein fin, fin kveld :)
    Klem Birgit

    SvarSlett