fredag 27. april 2012

Jordbærbørsting og DIY

Når sola glimtar til, eller i alle fall regnet og vinden er fråværande, driv eg for tida med ein litt snodig aktivitet. Eg børstar jordbæra. Hadde me hatt meir jordbær hadde me antakelegvis hatt ei eller annan maskin til dette, men slik det no er så gjer me det for hand med ein piasavakost. Under ser de jordbæra før ein omgang med kosten:

...og her er etter-biletet. Formålet er, som den oppvakte lesar nok har skjønt allereie, å få vekk visne blad mm for å hindre at dette skapar gode vilkår for råtne plantar og bær litt lenger uti. Det er einsformig og litt tungt arbeid, og som avveksling var det av og til likegreit å ta det for hand. Det beste er nok å byte litt på, og å strekke ut no og då - og så kaffi sjølvsagt!

Elles har eg kosa meg med eit lite prosjekt eg har tenkt på ei stund, og hin dagen hadde eg tenkt ferdig. Det er ei mappe, eller kva ein skal kalle den, til strikke og hekleutstyr. Framme har den to trykknappar på lokket og knyting i sida (kan verte litt fullt inni..) - og ei lomme til ei oppskrift eller noko slikt.

Inni er det litt ymse. Ein del rom for strikkepinnar og heklenåler...

..og ei nålepute, plass til linjalar og sakser mm.. Bakerst er det ei stor lomme til rundpinnar. Er veldig nøygd så langt! Har ikkje oppskrift på den, fant på undervegs :-)

Må nesten syne resultatet av kontlua. Den vart i barnestørrelse sidan eg avslutta litt brått. Då veit eg det til neste gang, det var jo tross alt eit prøveprosjekt. Fine fargar på Drops Delight! (Litt misvisande på biletet).

3 kommentarer:

  1. Så fin den nåle-/srtikkepinne mappa var! Ei sånn ønsker eg meg til bursdagen, eller jul.....; )

    SvarSlett
  2. Den mappa var kjempefin!!!! Både funksjonell og nydelige stoff og alt:)
    Er så morro å følge med på bloggen din, og inne på sida mi har du fått ein award! ha ein fine dag! klem

    SvarSlett
  3. Mannemi: Takk og takk :-) Me får sjå om du har vore snill nok då veit du!
    Keyvalley: Takk for det, så koseleg!

    SvarSlett