onsdag 11. april 2012

Kont & kant

Dagane, og kveldane, går fort for tida. I går var det handarbeidsklubb på Fjordatunet og instruksjon i kontstrikk. Fantastisk morsomt! Me kom godt i gang med prøvelappane våre, og no føler eg meg klar for eit "orntli" prosjekt. Men eg trur eg skal kjøpe meg noko garn som skiftar farge (slik som på biletet under), for bakdelen med denne måten å strikke på, om ein brukar to eller fleire fargar som vanleg er, er at det vert veeeldig mange trådar å feste. Må prøvast, det er ikkje så innvikla som det ser ut! (Må berre seie at biletet under ikkje er av prøvelappen min, men berre eit tilfeldig frå Google-søk.)

 I dag har det vore hagedag igjen (vert ein del av dei for tida..). No sto rosebeddet-to-be for tur og mange lass med småstein vart køyrd vekk saman med rotrestar og anna uvedkommande. Eg fekk delt opp og planta ein buksbom som sto og mistrivdes i ei potte, eg har planta om to rosebusker, to trær, tre busker, tre hostaklumpar, ein drøss med tulipanar og femten smålavendel. Eg har fjerna stein og røtter frå eit skuffelass med jord, og har spadd opp gras og lagt ned bjelkekantar. Til slutt grusa eg eit problemområde etter å ha fjerna graset og lagt plast på. Under er rosebeddet før planting. Vanskeleg å sjå eigentleg, men til høgre for bjelken som går inn mot muren står det eit prydepletre på skeive med røtter opp i det fri - mykje av lasset med jord gjekk til dette :-) 
 På bildet under har eg laga kant av stein rundt epletreet og byrja med tulipanplanting rundt kanten. Ein ser heller ikkje så godt resten av det som er planta, men det er ein Blodrips, eit kjempefint tre/busk som eg ikkje veit namnet på, ein Hortensia og ei kvit buskrose. I kanten ser de noko skrammel, og desse skal altså ikkje vere der om nokon lurte på det, men dei ligg der for å beskytte nokre svært små lavendelplantar (sjølvsådd!) som står langs kanten. Har enda 20 til som skal plantast langt kantane, men må kanskje så fleire for å komme heilt i mål.
 Litt kjedeleg på dette bildet, men det vert betre. Dette beddet står mykje i skyggen og her har eg planta Snøballbusker og Hosta langs kanten. Skal få på plass nokre dekorative steinar som kan ligge i grusen, så kjem det seg.
Er stiv og støl i heile kroppen, men er veldig fornøygd med dagen - fått gjort masse på lista og er kvitt ein heil masse potter og krukker med midlertidige plantingar. Hatar å ha dei ståande sånn på vent! I kveld vert det Dexter og kontstrikk tenkjer eg - skal kooose meg :-) Ein fin kveld til deg og!

4 kommentarer:

  1. Flinke søstra mi! Du får det til du!

    SvarSlett
  2. herligheit, ja all grunn til å vere fornøyd med dagen, Det måtte vere mange kryss på lista! korleis fekk du til lavendel? eg satte dei nokre veker i kjøleskap som det stod på pakken, og tok dei så ut, men ingenting ser ut som har tenkt å skje...

    SvarSlett
  3. ipaden låste seg for å skrive meir på forrige kommentar, men ville berre sei at header- bildet ditt var nydeleg, og passa så godt til bloggen!
    ha ei god helg! klem

    SvarSlett
  4. Du fortsetter i samme stil, inne og ute. Gleder meg til å se hvordan hagen din blir. Jeg får aldri til noe, fremdeles mest ugras hos oss.
    Handarbeidsgruppa vår er en fin møteplass, et slags pusterom hvor vi bare lager det vi har lyst til og snakker om det vi vil. Det er fint at vi kan lære hverandre ting.

    SvarSlett