torsdag 19. april 2012

Ære være våren!

Først ei lita Kont-oppdatering. Biletet under er "mitt eige". Eg er ferdig med prøvelappen og er no i gang med ei prøvelue :-) Trur det skal bli bra!

Elles er det vårarbeid i hagen. Storkosar meg med å få orden i bedda og plantane på rett plass. Har hatt nok ein fin vårdag saman med minsten, ei skikkeleg arbeidsjente. I dag har me raka kvist i eplehagen, luka og planta i eit bed, planta i steinbeddet og planta Solsypressen og Mynthebuska eg kjøpte "hin dagen". Under er gårsdagens prosjekt - steinkant og luking. Her kjem ei rekke med Skogskjegg som skal gi oss litt grønn skjerming på terrassen.

Litt kos må det vere undervegs...

Når ein kjem over slike fine vårdagar med bra temp og kjekke prosjekt på to-do-lista er det nesten litt vanskeleg å gi seg. Men ein får stole på at det kjem fleire slike dagar - sjølv om fjordårserfaringar peikar i litt andre retningar... 


Sekshjulingen - uvurderleg hjelp under vårpussen. Har kjørt vekk eit utall med steinlass denne våre etter klargjeringa av rosebeddet. Her er det imidlertid eit litt meir overkommeleg bed som skal renskast.

Under; eit nyplanta steinbed. Diverse takløk, Fjørekoll (kvit og rosa), Hagepute og Hagesildre (kvit og lilla-rosa) og nokre eg ikkje kjem på namnet på i farten. Har tenkt å utvide planteoversikta mi med å lage "datablad" for dei ulike plantane som er her for å samle relevante opplysningar om dei slik at eg kan gi dei så gode forhold som mogeleg. Men det vert no litt etter kvart.


I morgon skal vetla, minsten og eg besøke min betre halvdel og far til mine barn (ja, det er ein og same fyr :-) som er i gang med andre veke på jobb. Blir kjekt! Under står nyplanta potter på geledd for å lede besøkande til inngangsdøra framfor "bakvegen". Ikkje berre besøkande, forsåvidt. Det er like mykje me som må vendast om, ikkje lett å endre inngrodde vanar! 


No kjem effekten av ein lang dag ute i frisk luft fort, så eg trur det er tid for å ta kvelden. Det er tomt for Dexter second time around. Trudde det skulle komme nye no på vårparten, men det ser ut som det ikkje kjem noko nytt før til hausten -  aaarrrgh! Det slutta så enormt spennande.

Nu ble det kveldet!

4 kommentarer:

  1. må sei eg gledar meg litt til å sjå beda dikka i sommar, er heilt imponert eg! må vere kjempemorro å følge med på alt det etterkvart som det begynner vokse og blomstre!! takk for lavendelinfo og god helg! klem

    SvarSlett
  2. Ja, det er kjempemoro - vert nok litt hagegal når det vårast, og litt ekstra i år sidan hagen vart litt tilsidesett i fjor :-) God helg til deg og dine og!

    SvarSlett
  3. Koselige bilder! Det ser jo veldig idyllisk ut hjemme hos dere, selv om det er et sted der ingen skulle tru at nokon kunne bu.. :)

    Ønsker deg og dine en god helg!
    -Mari

    SvarSlett
  4. God heleg til deg og :-) Jo, det er veldig idyllisk her, og for oss som bur her er det ikkje så vanskeleg å tru at nokon kunne bu her :-) Det er kanskje andre som vanskeleg kan forestilla seg å bu på ein plass utan butikk og med ei ferje med begrensa avgangar som forbindelse med omverda (me har veg, men den tar tid!) Men me kosar oss!

    SvarSlett