tirsdag 17. juli 2012

Hage medio juli

Berre litt bilete i dag. Har klart å få ryggen ut av ledd (forhåpentlegvis er det berre slik det kjennes ut..) frå eg starta opplastinga av bileta til dei var på plass, så innlegget vert noko redusert. Må berre nett forklare dei to første. Biletet rett under er tatt 23.06:
 ..og dette er tatt 17.07. Er like fascinerande kvar gang å sjå den enorme utviklinga i løpet av kort tid. Tomatane er enda grøne, men dei veks og vert fleire for kvar dag :-) Agurkplantane er i gang med sin andre runde, og paprikaen blomstrar - kjekt med drivhus!
 Så over til litt hageglimt ein våt dag i juli:






Ha ein fin kveld! Eg skal finne meg ein stilling i sofaen som ikkje får meg til å skrike høgt og sjå litt anatomi (Grey som sådann, det hørtes kanskje litt suspekt ut..)

1 kommentar:

  1. Hei :-)
    Så fint drivhus!!
    Første gangen jeg er inne her på bloggen din og det blir iallefall ikke siste :-)
    Masse fine bilder og mye inspirasjon!
    Tusen takk for titten! :-)

    Ha en fin helg!

    Ingrid :-)

    SvarSlett