mandag 2. juli 2012

Nyanlagt hage and then some

Som vanleg er det ei good stund sidan eg har oppdatert, og bileta eg oppdaterar med treng ei oppdatering... Vel, det får så vere. Me er endeleg så godt som ferdige med rosehagen, og mange av buskene er i full blomstring allereie. Roser er utruleg vakre, og luktar godt gjer dei og! Under kjem først ei lita påminning om korleis rosehagen såg ut før make-over - staudar gone wild, i godt selskap med ugrass:
 Så over til dagens bed, eit litt vel ryddig bed så langt, men det vert betre når det veks seg til.

 Så eit lite utval av roser som blomstrar no. Først Schneeflocke:
Princess Alexandra of Kent (Austinrose): 
 Westerland:
 Clair TM Renaissannce (Austinrose):
 William Shakespear (Austinrose):
 Mandarin:
Og det sprett stadig ut nye, like spennande å sjå kvar gang :-) Det er 18 ulike sortar i beddet. Nokre glimt frå kjøkkenhagen..

 Eit litt utdatert bilete frå drivhuset. Ting har vokse mykje sidan dette vart tatt. Det manglar litt touch up enda, og me har enda litt fiksing att, men plantane kunne rett og slett ikkje vente lenger (eller var det meg..?)
 Litt meir frå den utvendige kjøkkenhagen, reddik, kepallauk, salat, kålrot, mainepe, sellerirot, purrelauk, sukkererter, brokkoli, ruccola, rødbetar, kvitlauk, raudlauk og sjalottlauk veks i kassane, i tillegg til krydderurtane frå det første "kassebiletet".

Det vart eit lite inspirert innlegg i farten, men tenkte berre eg måtte gi eit lite livsteikn før blogspot stenger meg ned for laber aktivitet :-) Nyt sommaren!

2 kommentarer:

  1. Så kjekt å sjå forandringen! God sommar! Etter ferien må vi avtale å treffast på hausten att, som vi pla gjere. Klem!

    SvarSlett
  2. Så gøy å anlegge hage! Kos deg og jeg krysser fingre og tær for fint vær fremover! ;O)

    SvarSlett