fredag 17. august 2012

Dagen i dag

Ting kjem på plass litt etterkvart her, og i dag har det skjedd opp til fleire framrykk. Me har endeleg fått ein avslutning på flisene rundt platetoppen. Etter mykje fundering enda me på å bruke bildelister, og på den måten fekk eg ein plass til alle dei einslege gamle koppane og fata eg har og - jippi!
 Eit lite rosehageglimt må vere med. Omtrent alle 19 buskene blomstrar, og dei har vokse godt i løpet av sesongen. Eg tenkte eg kanskje hadde planta med for god avstand til at det ville sjå "frodig" ut, men no trur eg det skal ordne seg fint :-) Er og nesten ferdig med lavendelkantane, det står att nokre få plassar. Når eg har planta ut alle dei sjølvsådde skal eg flytte dei som vart laga av den gamle planten ned i "krydderkassen" slik at dei kan vokse litt. Dei som vart sådd har eit klart forsprang!
 Medan det var ivrig snekkarverksemd i tunet tok eg og jentene oss ein tur på Laberg. Vetla (som snart vert 2.klassing!) er utruleg kreativ og fantasifull i leiken og drar minsten med seg. Dei storkosar seg i fjøra. På biletet ser de den vetle ferja vår M/F Urnes som me er så glade i - sidan me er dønn avhengig av den, og sidan den er så søt som turistane seier :-)
 Her er altså prosjektet dei er i sving med; eit inngangsparti for "Bestenhuset". Det skjermar for vind og ver og vert såpass stort at det vert plass til både benk og kles-/skooppbevaring. Vert greit å sleppe regndråpane i nakken når ein skal inn der... Og nok ein gang var det eit salig rot i tunet :-)
Og til slutt - intet sommarinnlegg utan kjøkkenhagegreier. Eg har tatt opp løken og lagt den til tørk. Dersom det går greit å lagre den gjennom vinteren (har fått gode tips og råd), så skal det bli meir av den til neste år. Enkel og grei å få til, og vert garantert brukt.
 Har og sylta ein runde med rødbetar, noko eg ikkje har prøvd før. Vert interessant å sjå om det går bra. Har att ein runde til før alt er på glas.
 Sist, men ikkje minst - dei trufaste agurkane. Dei vert kjempesvære og smakar godt, ein god sort. Den litt mindre saken er av ein annan sort der det kjem både hann- og hoblomster. Dei vert og gode, men det er meir styr med dei og så ser dei litt snåle ut :-)
Tomatane er forresten byrja bli raude, så no må me skunde oss å sylte grøne tomatar før det er for seint... Ha ei strålande helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar