torsdag 25. oktober 2012

Neste på lista - gangen

Først litt historiske bilete frå drivhushausting og potetopptak. Begge deler har gått veldig bra :-) Sjølv om det ikkje er så lenge sidan virkar det slik i dag sidan det har putla på med snø..

Mandelpotetene er klare til lagring. Hadde og ein tidlegsort som heitte Beret. 

 Me har fått 7-åring i huset sidan sist, og då feiringa var vel overstått satte me i gang med neste prosjekt i huset, nemleg gangen nede. Slik såg den ut (meir eller mindre..)

Under er eit ekstra ille bilete sidan det var midt under oppussinga av kjøkkenet og det komplette kaos, men om ein ser vekk frå rot og potter (!) så stemmer det.

Me byrja med å rive ned panelet som låg utanpå den gamle ytterveggen. Det var isolert med eit kvitt skum som var lite kjekt å handtere - men vekk vart det!

Golvet var delvis isolert med sagspon som måtte ut.
 
Trappa med belegg og grå sklikantar som var veldig godt festa med lim, som me skulle finne ut etter kvart :-)

Golvet er isolert og "kabla", og støypen er på plass.

Å fjerne limen i trappa synte seg å verte ein omstendeleg prosess. Etter å ha prøvd diverse kjemikaliar og skrubbar var det malingskrape som vart den mest effektive løysinga.

Me er enda ikkje i mål, lister må på plass og me ventar på taklampane, men ein byrjar å sjå ei forbetring - syns me i alle fall :-)


No tenkjer eg så det knakar på korleis det skal innredast best mogeleg, gler meg til å få ting på plass og byrje å bruke den. Spesielt kjekt skal det bli å ha varmekablar i golvet att - akkurat i tide til snøsesongen med våte sko :-)

4 kommentarer:

  1. det vart kjempefint!! de er effektive må eg sei, har ikkje den bursdagen akkurat vore? gratulerar med overstått til ho, forresten:)
    klem

    SvarSlett
  2. Gangen var virkelig et opppussings prosjekt dere hadde, men nydelig ble den med de lyse fargene.
    Her og skal gangen vår males hvit, har ubehandla panel både i tak og vegger og føler at den kommer mot mæ, vill ha den lyst der før jul :O)

    Ha ei fin helg, hilsen Lisbeth ;)

    SvarSlett