søndag 10. februar 2013

Skøyter, morsdag og slalom

Det har vore ei fantasisk helg så langt. Laurdag var det skøytegåing i strålande sol..


I dag vart eg vekka av to søte små som hadde laga kort. Når eg kom ned fann eg imidlertid ut at det var ikkje alt dei hadde laga! Der var det pynta med lys og ein fantastisk god frukost venta med posjert egg og smoothie - intet mindre! Ein kan venne seg til ei slik oppvarting :-)
 Etterpå var det tid for ein runde eller 20 i trekket - stor stas!


Og no ventar eg på at fastelavensbollane skal heve medan jentene og guten (!) er på skøyter igjen. Ei god helg på alle måtar.
 
Og til alle mødre - kos dykk med dagen dykkar!

2 kommentarer:

  1. Veldig kjekk utedag og morsdag sist søndag, ja! Det kan me skriva under på!!

    SvarSlett
  2. Her var det koselig! Besøk meg også, vel! Se for eksempel det populære innlegget mitt om handling: http://camilla-camillasblogg.blogspot.no/2012/09/ok-er-du-klar.html

    SvarSlett