tirsdag 29. oktober 2013

Alle desse vala...

Sidan sist har me fjerna laga inn til byggjeveggane, bjelketaket og det gamle golvet. Eg driv no og fjernar "sparklinga" deira mellom bjelkane. Det er ein lite kjekk jobb, men heldigvis av begrensa omfang :-)
 
Når ein pussar opp gamle hus veit ein aldri kva som møter ein undervegs. Det er nettopp det eg likar så godt med det, men det gjer jo og at ein berre kan planlegge inntil eit visst punkt, og at ein må vere klar til å forandre planar undervegs. Då me fjerna sponplatene på golvet synte det seg at det låg eit omtrent heilt inntakt golv under.
Sjølv om det på mange måtar er fristande å la det vere, så valgte me å følge den opprinnelege planen om nytt golv slik at me får isolere under. Me vurderte å la det vere slik og så eventuelt ta det att dersom det ikkje fungerte, men det er ein kjip jobb! Det gjekk ikkje så lang tid før me innsåg at det blir vel kaldt å beholde det som det er, det bles opp gjennom sprekkene :-)
I tillegg vart det tydeleg kor musegjestane våre kom i frå. I det eine hjørnet var planken benda ned. Under der går det ei sjakt ned til potetkjellaren, me støtte på den under oppussinga av kjøkkenet.
 
Så då vert det nytt golv, MEN me beheld taket utan å isolere slik me har gjort på kjøkkenet (me gjekk litt ned på bjelkane så me fekk eit lag med isolasjon - slik er dei framleis synlege, berre litt mindre). På kjøkkenet var det ikkje eit fullstendig tak, det hadde gått ei trapp der på eit eller anna tidspunkt blant anna. Dette taket er imidlertid heilt intakt med breie bøygde lister. Så får me berre håpe at det er like urørt i resten av stova....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar