tirsdag 29. oktober 2013

Hagesesongen 2013

Sidan forrige innlegg (vel, forrige før det forrige :-) var i februar har eg galant hoppa over heile hagesesongen 2013 - og det går jo ikkje an! Tid for hage!
Var litt litt tidleg ute med å plante ut i drivhuset, noko agurkplantane måtte svi for. Måtte bite i det sure eplet og kjøpe plantar etter at mine eigne fem visna i for kaldt drivhus.



 Rosene hadde ein hard vinter og midt i mai etter at eg hadde fjerna dødt og skada var det ein stusseleg rosehage...
 Me poda 100 epletre i vår. Eg har aldri vore med på det før, så det var artig å lære korleis det gjekk til. Det gjekk ikkje like bra med alle, men mange veks og trivs i eit midlertidig "drivhus".
 Steinbeddet om våren. Det er litt att før det dekker, men det går på fram. Kløveren vert eg imidlertid ikkje kvitt så det må enda ein del luking til.
Litt terrassekos må til, her på nyinnkjøpt sofa - ikkje så verst med sommar eigentleg :-)
 Det gror i kjøkkenhagen og. I år har N forbarma seg over potetåkeren, så den er det han som steller med. Poteter er nyttig, men ikkje like moro som det andre må eg innrømme..
Det var håp for rosene og, dei kom seg og vaks i løpet av sommaren. Hadde eg tatt eit bilete no hadde det vore enda større forandring, dei har verkeleg tatt seg inn att i løpet av sesongen. Får berre håpa at neste vinter vert betre så dei ikkje må starta på nytt kvar vår.

 To jenter (blant anna Snøkvit!?) tar seg ein dusj i spredaren, funkar det ein varm sommardag.



 Det gjekk mykje i lauk i år, purre, kepal og sjalott. I tillegg var det reddik, salat, maineper, mangold/bladbete og sukkererter. Gulrøter og kålrot var det og, men gulrøtene fekk besøk under jorda så det må eg lese meg opp til neste år...
 Paprikaen vart noko av for ein gang skuld, plantane var små, men paprikaen stor :-) Fekk til og med nokre som vart skikkeleg gule og oransje, men det var etter dei var komne inn.
 Hadde cherry og vanleg tomatar i år, men neste år vert det berre cherrytomatar. Syns dei fungerar best både til å ete og til det eg brukar dei til elles.
 Bursdagsgåve som etter å ha blitt driven fram i drivhuset så slik ut utpå sommaren, vakkert!
 Denne veit eg ikkje kva heiter, den vart sådd som anonymt frø. Var ikkje mykje med den til å begynne med, men kom sterkt at og hadde blomster til "the bitter end".

Ein av mange revehalar eg sådde i vår. Artig plante, har sanka litt frø så eg har til neste år og.
Så var det haust - nesten. Solsikkene står enda i blomst i det spontane solsikkebeddet (det vart til heilt tilfeldig etter vi sopte opp etter vinterens fugleforing :-))

Så, det får vere det frå hagen i år. Fort og gale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar