fredag 25. oktober 2013

Sol og demontering

Det vert lite oppdateringar på denne bloggen for tida, og det kjem av at eg ikkje har funne ein fungerande app for android for å kunne poste innlegg via nettbrett. Når det må gjerast på kontoret på "jobb-pc'en" om kvelden så vert det ikkje så ofte gjort ;-)

Etter endt sommarsesong med kafedrift, utleige og grupper var det godt å ha ein tur og sjå fram til utpå hausten - både for store og små, så i oktober gjekk turen til Bahìa Feliz, Gran Canaria.






Så over til demonteringa. Me hadde eigentleg tenkt å vente litt, men venting er ikkje mi sterke side.. Så no har me altså ommøblert stova for å starte opp med neste trinn av oppussinga. Me har fått tilbod på nye vindauger, me skal rive tak, få fram bjelkane og isolere i mellom (som på kjøkkenet), golvet blir malt furugolv - ein fortsettelse av kjøkkengolvet, koreapanelet skal vekk og så vert det to malte byggjeveggar i ein farge me fann under nokre plater, og resten vert malt panel. Fort gjort med andre ord! Det spørs kor lurt det er å starte med slikt før jul, men det passar eigentleg aldri så det er berre å hoppe i det.





Så då var me i gang! Alltid spennande å sjå kva som dukkar opp under lag på lag med plater. Så kryssar me fingrane for at me er nokon lunde i orden til jul :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar