søndag 24. november 2013

Håpet er lysegrønt!

Då her eg endeleg fått på grønnfargen "min". Som de ser på det nederste biletet er det ikkje den opprinnelege fargen som var på dette rommet (som var eit kammers), heller ikkje den fargen som var i stova (som er ein meir turkis og mørk grønnfarge), men det er ein farge som har vært i huset før og som eg falt heilt for. Den er nok litt grønnare enn det ser ut på bileta, malinga er enda ikkje heilt tørr her.
 Taket er ferdigmala, trur det skal holde med to strøk, og veggen har fått eit av to strøk (sjølv om malinga dekka veldig bra med eit strøk!)
Der det framleis er umalt kjem dei gamle listene opp att når eg har fått pussa og malt dei, samt ei tynnare list under - som på biletet under.
Deileg å ha kommet til malinga - alltid kjekt å sjå litt resultat :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar