fredag 22. november 2013

Me putla på :-)

Det går ikkje veldig fort med oss, men det går no framover smått om senn. Me har heldigvis fått støypt golvet så støvet er eit (midlertidig) tilbakelagt stadium. Støvet er det verste med oppussinga, men når me er ferdige med stova er det ikkje så mange rom at med slik isolasjon i golvet.
 
Me har og høvla og pussa veggane som skal malast, og me har satt opp stendere og lekter før det skal isolerast. Under ser ein korleis det nye vindauga vil bli i forhold til dei som er no - høgare og smalare.

I dag har eg vaska vegger og tak, og taket er fuga og klart for første strøk med maling. Det gjekk med 2 tubar med akryl på dei 6m2, og då har eg ikkje brydd meg med dei små sprekkene for å seie det slik! MEN; no kan endeleg moroa begynne...

 
No skal taket til pers i morgon, og så står veggane for tur. Gler meg som ein unge til å sjå grønnfargen me har valt i større format. Me har malt ca 3 m2 med fargen på plater som likevel skal rivast i stova så me har fått sett den i alle typar lys, og eg trur det skal bli veldig bra :-)  

Til slutt må eg ta med litt kjøkkenbilder. Ei kassehylle til småting av kassar som eg har funnet rundt omkring på garden. Oppe ved sukkerskåla ser de det fantastisk tøffe beinfunnet til Y, ser ut som ein liten bøffelskalle :-)

 Glimt av årets laukproduksjon som heng til tørk.


Det var ikkje meint som pynt, men det tok seg ikkje så verst ut med lauk over døra eigentleg + at den er lett tilgjengeleg :-)

No er det fredagskveld, men eg ser fram til morgondagen når me endeleg skal sjå framdrift etter mykje riving og forarbeid.

1 kommentar:

  1. Har kost meg på bloggen din! dette blir artig å følge videre:)

    SvarSlett