lørdag 14. desember 2013

Museskritt...

Ting går ikkje heilt så fort som eg kunne tenkt meg (er litt utolmodig...) utan at nokon kan klandrast for det. Men litt skjer det no. Me/eg har omsider bestemt meg for ein farge på kjøkken/gang-døra som har vore "shabby" og ikkje "chic" eit år eller to no. Den vart grønn som veggane i stova skal vere, og det vart veldig fint ;-) Fekk og mala karmane som var kledeleg trefarga mot dei kvitmalte listene... 


I stova går det framover der og, me er igang med veggane. Etter dei er det golvet som står for tur og så maling både her og der, veggar, golv og lister. Vert nok ikkje heilt klart til jul, men kanskje ikkje så langt over!


1 kommentar:

  1. Bildet av den gamle treveggen dro meg til bloggen din.
    Et rom med sjel.

    SvarSlett