mandag 6. januar 2014

Kontorrydding og stovestatus

Rett før nyttårsafta fekk me tv-kroken vår ferdig og eg er ganske så fornøygd! Bilder på veggane og den slags må vente til alt er ferdig, men elles skal det ikkje meir opp der. 

Ellers har tida sidan nyttår gått med til den årlege kontoroppryddinga. Det pleier alltid å samle seg opp papir som kan fjernast der i løpet av året, og i tillegg pleier likt og ulikt å havne der inne på merkeleg vis i løpet av desember... Spesielt ille var det i år sidan mykje stove-greier har havna der inne. Bilda syner før og etter i papirkroken min, og "boksing" av dvd'ar (vert no lagra i boksar etter kategori i stadenfor å stå framme sidan me sjeldan brukar dei). Klarte omsider å fjerne ca 30 stk som berre har vore til irritasjon (irriterande dårlege). 

Til slutt fekk eg eit inspirert øyeblikk og laga meg ein ny innboks til kjøkkenet. Me har hatt ein plastikkbrevordnar der til no, og sjølv om den har fungert bra har den ikkje heilt passa inn. No, i eit forsøk på å gjere rekningar meir morosame, er den svært så fargerik :-). Så får eg sjå om den fungerer like bra som den andre.. Kjem til å fortsette organiseringa og ryddinga til nokon stoppar meg, kjekkaste som finns (vel, i allefall kjekt!).








1 kommentar:

  1. Hei Randi! Så kjekk blogg du har.
    Spennende å se at dere har tatt steget med å flytte fra Sotra til et lite sted. Jeg drømmer også om å gjøre akkurat det samme, men min samboer er nok litt for glad i Sotra til å klare det. Ligger meg til som følger her jeg og gleder meg til å se mer fra deg.

    SvarSlett