tirsdag 18. februar 2014

Stova - 2. byggetrinn!

10.februar: Det er med skrekkblanda fryd me tek fatt på neste steg i oppussinga av stova. Den vetle kroken som er ferdig virkar plutseleg veldig liten i forhold til det me skal til på :-) Under er stova ferdig tømt og klar for riving. Veggen me ser i bakkant er kontorveggen, ein lettvegg.  

 Samme dag, rivinga er i gang og me ser tre lag med veggar; malt koreapanel, mjuke malte plater og tilslutt malt byggje. Laminaten er fjerna frå golvet og det lekre 70-talsteppet dukkar fram :-)
 Det er fort gjort å ikkje rekne med den jobben det faktisk er å rive. For ikkje å snakke om alt det genererar av boss og material som det skal fjernast spikar av og kanskje lagrast... Det er framleis 10.februar. 
 11.februar: Me har ete oss innover nokre lag til byggja og paneltaket under takessplatene. Bak den grønne pappen ser me ubehandla byggje som har vært tapetsert. Før dei tapetserte jamna dei ut sprekkene med brev, aviser og boksider. Mykje interessant lesning!
 12.februar: Paneltaket er nesten vekke og i eit hjørne er det isolert med glassvatt, antakelegvis etter ein lekkasje. Ikkje noko koseleg stoff å jobbe med. Taket og bjelkane er i god stand, men vil kreve ein rimeleg stor vaskejobb for å bli klar for maling. Dei er kalka og dette har gjort at soten har fått veldig godt feste - som ein ser er dei heilt svarte.
 13.februar: Det siste golvet før jordgolvet er kommet fram (under laminat, teppe og tregolv) og me vitsar litt med att me burde ta kontoret i samme slengen (som altså er bak "isolasjonsveggen" bak N), og på eit eller anna tidspunkt innser me at det vil vere idiotisk å ikkje gjere det. Kjenner eg blir litt kvalm når denne beslutningen er tatt sidan me i forkant har stua alt på stova inn der i tillegg til alt det andre og det for tida ser ut som på biletet under...
 ...jepp! Litt tømmearbeid foran oss med andre ord!
 Som sagt så gjort. Kontoret vert tømt og rivinga fortsetter. No er det plutseleg nesten dobbelt så mykje areal som skal pussast opp, men me er veldig nøygde med at me hoppa i det. 
 Dei sørgelege restane av det gule kontoret. 
 14.februar: Rivinga av kontoret er godt i gang og ein byggjevegg i perfekt stand kjem til syne i enden. Denne skal få vere ubehandla. Eigentleg ville eg latt veggen vere som den er med alle breva og historia, men då me i tillegg bestemmer oss for at me skal bytte om tv-kroken og kontoret og den dermed vert midt i stova, så får me heller fjerne dei. Men dei skal dokumenterast godt først! Det vert nok eit innlegg med litt funn seinare :-)
 15.februar: Plutseleg er stova blitt ganske stor. Me skal i tillegg fjerne det som er att av veggen (det grøne i biletet) og brannmuren slik at det vil bli som eitt rom. Me skal så mure opp eit lag utanpå pipa og fortsette på ein brannmur ein ikkje ser på biletet for å støtte bjelkane og ivareta bæringa. 
 Så er det i gang med det som gjer at me har grudd oss ein del til stoveoppussinga. Golvet er vekke og knusktørt moldgolv skal klargjerast for isolering og støyping. 
 16.februar: Ikkje noko problem å legge bjelkane i jord når ho er så tørr! Dei har lagt over 200 år på denne måten og dei aller fleste er like harde og solide. 
 17.februar: Far til N har tilbudt seg å hjelpe med støypinga og eit slikt tilbod er for godt til å takke nei til! :-) Her er det brannmuren som ryk til med slegge, veggen er allereie vekke, så snart ser det ut som det alltid har vore eit stort rom. Me har dekka opninga med plast, men støvet kjem seg likevel gjennom og legg seg overalt. 
 Muren er vekke og den spede byrjinga med isolering er i gang i hjørnet. 
 18.februar: Dagen i dag og isolasjonen er på plass. Etter biletet er også lektene golvet skal skruast fast i lagt utover og justert så det er klar for å støype dei fast i morgon. 

Puh, det var litt av eit innlegg, men då er eg altså oppdatert (eller bloggen er det). Fortsettelse fylgjer....

1 kommentar: