lørdag 15. mars 2014

Meir veggar og vindauga

Dette vert nok eit langt innlegg sidan eg ikkje akkurat er så flink med den daglege (kremt) oppdateringa. Som vanleg har det skjedd mykje, og her kjem det:

06.mars: Taket vart isolert og platinga påbegynt. 

09.mars: Taket er ferdig plata og arbeidet med tv-nisja er i gang (med god hjelp frå kjekke naboar!)

Minsten og vetla er i god gang med å male brannmuren med stor entusiasme og innsats!

10.mars: Begge strøka med veggmaling kom på dagen før og heilt til høgre i biletet vert det pønska på tv-nisja. 

Måtte ha med eit nærbilete av krabbinga mot byggjeveggen, N streka og eg skar :-)

Vår gode nabo er i gang med tilpassinga av byggjestubbar som skal fylle ut eit hol ved sidan av brannmuren. 

12.mars: Listing langs alle bjelkane - ikkje det kjekkaste arbeidet i verda...

14.mars: Det siste glaset er på plass. 

15.mars: Så var me kommen fram til dagen i dag. Foringar er på plass i det eine glaset og listinga av taket er ferdig. Nokre plassar var ikkje 30 cm breie foringar breie nok, så dei er limt og ligg til tørk. Det neste på lista er å gjere ferdig foringane og deretter byrje med golvlegging. Eg må male ei ny ladning med lister som just kom gjennom døra. Men, me nærmar oss veldig!


God helg vidare til alle saman!

3 kommentarer:

  1. Eg er imponert! Det blir kjempefint! Gledar meg til å sjå ferdig resultat.

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg fylgjer med på deg og, men er dessverre ikkje alltid (!!) så flink til å skrive kommentarar. Du imponerer med teikningane!

    SvarSlett
  3. Det kommer til å bli ett utrolig fint rom.
    Fargen på veggen er flott og så fint med tømmerveggen.
    Gleder meg til å følge med videre.
    Klem fra Marit

    SvarSlett