torsdag 11. september 2014

Så var sommaren over... Hageoppdatering!

Sidan eg som vanleg er på etterskot med oppdateringar her vert det mykje bilete og lite tekst for å komme ajour ;-) 
 Ferdigkjøpt stakittgjerde er satt opp for å ramme inn uteplassen til kafeen, manglar enda litt maling, men satsar på å få det på plass i løpet av hausten.  
 Endeleg hagetid! Eg har klødd i fingrane i fleire år etter å lage meg fleire bed, og i sommar vart det endeleg hagen sin tur. Over er det blanke lerretet. 
 Det vert litt hopping fram og tilbake her. Over er rosehagen tidleg i sommar med delvis nyplanta lavendelhekk. 






 Det var hageglimta, no over til "the dirty work". På baksida har me jamna ut og la etterpå duk og grus. Det er skuggeside, og den vert ikkje brukt til anna enn å gå på (foreløpig...)
 Utviding av beddet ved vrihasselen. På gangstiar vert det lagt duk og sand som det etterkvart skal komme heller på. Endeleg får eg planta ut mange av krukkeplantane mine, tippar dei er glad for det. 
 Påbegynte byggverk. Det vert ein klatrevegg for klematis og kaprifol med bed forann til venstre i biletet. Den vil skjerme noko for innsyn frå kafe og utleige som ligg i bygningen bak. Til høgre vert det ei slags dagseng eller "klubbhus" for E og Y. Det skal klatre litt på nokre av sidene og på taket, og så vert det golv litt opp frå bakken og gardiner rundt. 
 Litt stiar kjem på plass..

 Parallelt hageprosjekt der me flytta tujaen frå (har havna nede i hagen). Resultatet kjem lenger nede. 
 Klematisane har fått noko å klatre på.  

 Løkpakke frå Zimtrade! Det skal bli kjekt til våren (forhåpentlegvis)
 Så kjem me til i dag meir eller mindre. Her eg står og tar bilete skal det verte terrasse så me kan ikkje gjere ting heilt ferdige i år. I tillegg gjenstår ein del arbeid med dagsenga og det beddet som skal bli rundt den. 

 Det er framleis plass til å turne sjølv om plenen er blitt betydeleg mindre. 
 

 Og slik vart jordhaugen de såg over. Her er det krydderplantar og nokre som kan vere greie å halde på eit begrensa område. 
 Tomat og paprikahausting (ikkje ferdig enda :-))
Så det var ei hurtigoppdatering på kva som har skjedd i hagen sidan sist. Satsar, som alltid, på at det ikkje vert like lenge til neste gang!

1 kommentar:

  1. Ser dere har hatt nok å henge fingrene i. Blir spennende å se senere når dere blir helt ferdig. Mye fine roser du har og fint rosebed, jeg har også laget meg rosebed i sommer og gleder meg over den herlige duften. Likte kantene du hadde lagt med dråpeskifer, det ble en fin kontrast til resten. Vi har også jobbet mye i hagen i sommer, men er ikke helt ferdig med alt enda.

    SvarSlett