tirsdag 25. november 2014

Tja, kor var eg..?

Eg var kommen litt ut i September sist eg skreiv noko her, så no fortset eg der eg slapp for kronologien sin del. 
 Lavendelen blomstrar framleis i september (og november faktisk!)
 Ein av knuppane på pasjonsblomsten rakk å blomstre andre runde før det vart for kaldt :-)
 Det (foreløpig) siste beddet i hagen har fått jord og plantar, prydgras, kvit oppstamma syrin, iris, bambus og kjempe marikåpe er på plass så lang. Det skal og vere ein klatreplante i bakkant. 
 Folk lurer litt på kva "scenen" skal vere til.. Kanskje den skal vere scene og, men hovudsakleg er den tenkt som ein koseplass med madrass og puter og gardiner rundt for litt avslapning i hagen.  
 Siste del av byggverket nærmar seg ferdig, i alle fall for i år. Det vert "veggen" mot vegen der to delar skal fyllast med ved, og dei andre delane vert port inn og klatrevegg for plantar. 
 Ovnen er kommen på plass omsider. Den var innkjøpt for nesten eit halvt år sidan, men me har ikkje følt behovet for å få den på plass i sommar... No er den derimot veldig kjekk å ha!

 Villvinen er på sitt vakraste om hausten og den fekk stå slik til den var ferdig før eg skar ned mesteparten. Me må få malt til våren att, så då måtte den til pers. Den veks nok kjapt oppatt reknar meg med. 
 Tur til fjells har det og blitt tid til, Nystølen er alltid kjekk å komme til for både liten og stor. 
 Eldstejenta har hatt bursdag sidan sist, heile ni år har ho jammen blitt!
 Me hadde ein litt improvisert Halloweenfest hjå oss i år, og då høyrer det med å skjere ut gresskarlykter. Desse vart ekstra skjønne, laga av små gresskar. Festen vart bra, så eg trur me må repetere til neste år :-)
 Minsten har operert vekk mandlar og polyppar, og sjølv om det var kjipt medan det sto på (ikkje så begeistra for smertestillande i noko format) så er det ingen tvil om at det har hatt ønska effekt. No søv ho stille og utan dei fortvilane pustestoppa om natta. Vil tru det er lettare å få ned maten og! Her er ho nett vakna og starta på isen, den vart ikkje fullført.
Heilt til slutt må eg ta med biletet av våre to skjønne "brudepiker". Me har nemleg gifta oss sidan sist, hjå Tingretten med konstituert Sorenskrivar som vigslar. Med oss hadde me to vitner (foreldra mine) og desse to skjønningane. Etterpå åt me middag saman før dei vart med besteforeldre heim og me vart att for eit lite hotellopphold natta over på suite - champagne og frukt og frukost servert på rommet om morgonen - gode greier!


1 kommentar:

  1. Dere bor på en fin plass,fine bilder. Hege , som tilfeldigvis kom innom her. Godt 2015 !

    SvarSlett